Krav til innhald i internkontrollen
Krava til innhaldet i internkontrollsystemet går fram av §§ 5 og 6 i forskrifta.
Internkontrollsystemet skal vere tilpassa det enkelte anlegg. Konsesjonen, notatet bakgrunn for vedtak, godkjende detaljplanar for miljø og landskap, godkjende tekniske planar og eventuelle pålegg, er sentrale dokument for å utarbeide eit godt tilpassa internkontrollsystem. Dersom internkontrollsystemet etter Ik-vassdrag inngår som del av eit større internkontrollsystem, skal det enkelte anlegg eller tiltak kunne identifiserast.
2.1. Skriftleg dokumentasjon av Ik-systemet (§ 6)
”Alle krav som følger av § 5 skal dokumenteres skriftlig”
I dette ligg at alle delpunkta i § 5 må omtalast skriftleg i internkontrollsystemet.
Dokumentasjonen skal vere tilpassa verksemda sin art, aktivitetar, risikotilhøve og storleik. Dersom det ikkje er identifisert særskilde risikotilhøve ved eit anlegg, skal det likevel dokumenterast skriftleg at ei slik vurdering er gjort. Det skal føreligge skriftleg dokumentasjonen på at krav i, eller i medhald av vassdragslovgjevinga er oppfylt. Dette gjeld til dømes instruksar, konsesjonar, godkjenningar og sertifikat.
2.2 Lover og forskrifter (§ 5 nr. 1)
”Den ansvarlige skal … sørge for at relevante lover, forskrifter og vedtak som gjelder egne anlegg og tiltak er tilgjengelig og ha kunnskap om de plikter som følger av disse”
Hensikta med kravet er at konsesjonæren skal ha kunnskap om innhaldet i lova som konsesjonen er heimla i, konsesjonen, eventuelle pålegg, og dei forskriftene som gjeld for anlegget. Forskrift om damsikkerheit og Ik-vassdrag vil vere sentrale forskrifter å ha kunnskap om. Dette gjeld og vedtak om godkjent detaljplan for miljø og landskap, og vedtak om godkjenning av tekniske planar. Det er ikkje tilstrekkjeleg berre å ha desse dokumenta tilgjengelege. Konsesjonæren må ha kunnskap om innhaldet i dei
For anlegg som heilt eller delvis ligg i område som er verna etter naturmangfaldlova eller anna lovverk, skal den ansvarlege ha oversikt over og kunnskap om verneforskriftene.
Vedkomande vernemyndigheit følgjer opp at vernekrav vert overhaldne. Ved tilsyn og revisjonar kan NVE kontrollere at konsesjonæren har aktuelle verneforskrifter
tilgjengelege, og har nødvendig kunnskap om innhaldet.
Konsesjonæren har plikt til å avklare kva som er relevant for eiga verksemd. Dersom eit anlegg har fått konsesjon berre etter vassressurslova, er det ikkje nødvendig å ha vassdragsreguleringslova tilgjengeleg. På same måte er tilgang til og kunnskap om verneforskrifter, berre relevant dersom eit anlegg heilt eller delvis ligg i eit verna område.
I driftsfasen må til dømes gjeldande konsesjon, enkeltvedtak (detaljplan for miljø og landskap og teknisk plan) og eventuelle pålegg vere tilgjengelege. Dette kan vere anten digitalt eller på papir. I anleggsfasen bør desse dokumenta vere tilgjengeleg i papirversjon. Alle som har oppgåver i anleggsfasen og seinare i driftsfasen, må få informasjon om kva som er særskilt viktig å gjere eller å unngå. Til dømes: Dersom eit inntaksarrangement skal byggast i nærleiken av eit viktig kulturminne, og det av den grunn er gjort ei avgrensing i arealbruken, må årsaka til avgrensinga og viktigheita av dette vere kjent for alle involverte. Slik informasjon må formidlast til entreprenør og maskinførar. Underskrift på at detaljplanar er gått gjennom av dei tilsette ved eit anlegg, inkludert entreprenør/maskinførarar, er eit døme på skriftleg dokumentasjon for slik opplæring.
For å tilfredsstille kravet om kunnskap, rettar og plikter, er det forventa at det er etablert rutinar for å hente inn og informere aktuelt personell om endringar i lovverk, forskrifter, nye pålegg og vedtak.
BYGGEFASE
Døme § 5 nr. 1 Styrande dokument, vegetasjonsetablering
Konsesjon, bakgrunn for vedtak og godkjend detaljplan for miljø og landskap vil vere dei styrande dokumenta som seier noko om krav til vegetasjonsetablering langs røyrgate, veg, inntak, i massetak, tippar osb.
DRIFTSFASE:
Døme § 5 nr. 1 Styrande
dokument, minstevassføring og manøvreringsreglement:
Konsesjon, pålegg frå NVE, og NVE sine retningsliner for registrering av minstevassføring og magasinvasstand er døme på styrande dokument som seier noko om krav til målemetode og regulering og slepp av minstevassføring.
Kva genererer avvik?
Byggefase: Konsesjon og pålegg er ikkje tilgjengeleg i papirversjon på anlegget.
Driftsfase: Konsesjon, vedtak, pålegg og tilsynsrapportar er ikkje tilgjengeleg (elektronisk eller papir).
2.3 Oversikt over vassdragsanlegget (§ 5 nr. 2)
”Den ansvarlige skal …ha oversikt over anlegg som omfattes av § 3 herunder kart, tegninger og annen nødvendig dokumentasjon”
Hensikta med kravet er at alle som har ansvar knytt til etablering, drift, tilsyn og vedlikehald av anlegg skal ha tilgang til dei opplysningar som er nødvendige for å utføre oppgåver og ansvar dei er tildelt. I dette inngår eit godt kartgrunnlag som viser avgrensinga av anlegget, inkludert hjelpeanlegg og areal som har vore nytta mellombels. Eit slikt kart er dessutan viktig i beredskapssituasjonar. Oversiktskart og tekniske teikningar skal vere oppdaterte.
Det skal føreligge eit oversiktskart over heile anlegget med alle anleggsdelar, inkludert hjelpeanlegg, i eigna målestokk. Oversiktskartet kan med fordel skildre kva planstatus arealet har jf. kommuneplanen sin arealdel. Ligg anlegget i eit LNF- område eller i eit regulert område? Dersom anlegget ligg i eller i nærleiken av område som er verna etter naturmangfaldlova eller anna lovverk, eller andre viktige lokalitetar (særskilde areal/biotopar/kulturminne m.m.), må dette gå fram av kartet.
Det skal utarbeidast tekniske teikningar og arealbrukskart for dei enkelte anleggsdelar. Dette gjeld inntaksarrangement, dammar, lukehus, vassveg, kraftstasjonsbygning, avlaupskanal, tippar, massetak vegar m.m. Eigna målestokk vil vere 1:1000 eller 1:5000. For anlegg i driftsfasen skal oversiktskart og teikningar føreligge ”som bygget”.
Oversikt over vassdragsanlegget, og kart over enkeltlokalitetar, vil vere eit godt hjelpemiddel når verksemda skal utarbeide interne tilsynsrutinar, og når verksemda skal gjennomføre tilsyn. Ei kopling mellom kart og tilsynsrutinar kan vere føremålstenleg.
BYGGEFASE
Døme § 5 nr. 2 Kart og
teikningar, vegetasjonsetablering Område der vegetasjonsetablering er særskilt viktig må merkast av på kart. Dette gjeld og område der vegetasjonsetablering kan bli vanskeleg, og som dermed må følgjast ekstra godt opp. Kopling til rutinar for tilsyn, § 5 nr. 5, 6 og 7.
DRIFTSFASE
Døme § 5 nr. 2 Kart og
teikningar, minstevassføring og manøvreringsreglement: Kartgrunnlaget må vise
arealbruken ved anlegget. Til dømes permanente og mellombelse anleggsdelar, opplysningsskilt, målestav, høgdebolt og arrangement for slepp av minstevassføring.
Kva genererer avvik?
- Oppdaterte oversiktskart manglar.
- Vesentlege anleggsdelar (t.d. kraftstasjon, vassveg, inntak, hjelpeanlegg) er ikkje teikna inn på oversiktskartet.
2.4 Kunnskap og kompetanse (§ 5 nr. 3)
”Den ansvarlige skal …sørge for at personell har de kunnskaper og ferdigheter som er nødvendige for å sikre at anlegg og tiltak som omfattes av § 3 og driften av slike, oppfyller krav fastsatt i eller i medhold av vassdragslovgivningen, herunder ha en plan for hvordan faglig kompetanse skal etableres, opprettholdes og utvikles”
Hensikta med kravet er å dokumentere at verksemda er i stand til å ta hand om aktuelle utfordringar og problemstillingar knytt til landskap, miljø og damsikkerheit, og på denne måten etterleve dei vilkår og krav som gjeld. Det må leggast fram skriftleg dokumentasjon av korleis kravet til kompetanse vert oppfylt. Dersom anlegget er omfatta av damsikkerheitsforskrifta, er det i tillegg sett særskilde krav som må oppfyllast, jf. damsikkerheitsforskrifta kap. 3.
Det er ikkje sett spesifikke krav til kompetanse for landskap og miljø. Det er likevel forventa at verksemda har nødvendig kompetanse innan temaet. Det er dei konkrete utfordringane ved det enkelte anlegget som vil vere førande for kva kompetanse som trengst. For temaet landskap og miljø vil opplysningar i konsesjonssøknaden, konsesjonsvedtak, bakgrunn for vedtak og godkjent detaljplan for miljø og landskap gje ein peikepinn på kva tema verksemda må ha kunnskap om. Det er i praksis svært ulikt kor komplekse og krevjande vassdragsanlegg er i høve til miljø- og landskapskrav. Kompetansen i verksemda må spegle dette.
Konsesjonæren må gjere ei vurdering/analyse av kva konkrete utfordringar og
problemstillingar som finst ved anlegget, og kva kunnskap som finst i verksemda. Både formell kompetanse og praktisk erfaring må inngå i vurderinga. Med bakgrunn i dei konkrete utfordringane, kan ein vurdere og grunngje kva kunnskap som er nødvendig å ha. Krav som NVE forventar til natur- og landskapsmessig standard for vassdragsanlegg er skildra i NVE sine faktaark «God Praksis», sjå www.nve.no.
Det er opp til konsesjonæren å velje om kompetanse skal opparbeidast internt i organisasjonen, eller om kompetanse skal hentast inn. Dersom ein velgjer å nytte ekstern kompetanse, må det komme klart fram i internkontrollsystemet kva for tema dette gjeld, og kven/kva for kompetansemiljø som skal nyttast. Avtale om bruk av ekstern kompetanse må kunne leggast fram. På denne måten er det lettare å hente inn nødvendig kompetanse raskt dersom behovet oppstår. Viss ein nyttar ekstern kompetanse er det nødvendig å etablere ein rutine eller plan for når slik kompetanse skal hentast inn (jf. boks under).
Kunnskapskravet stiller og krav om at verksemda skal ha ein plan for korleis fagleg kompetanse skal etablerast, oppretthaldast og utviklast. Det er hensiktsmessig å gjere ei vurdering/analyse av kva fagkompetanse verksemda må ha, og kva kompetanse verksemda har. Det er forventa at verksemda har eit medvite forhold til, og ein plan for, korleis kunnskap skal etablerast og haldast ved like. Ei vurdering av behov for vidare utvikling av særskilde kompetanseområde skal være med i planen. Dette kan føregå anten ved å utvikle intern kompetanse, eller ved å leige inn ekstern kompetanse. Dersom ein nyttar ekstern kompetanse bør det gå fram av kompetanseplanen at organisasjonen som eit minimum har «bestillar»-kompetanse for viktige tema.
BYGGEFASE:
Døme § 5 nr. 3 Kompetanse, vegetasjonsetablering: Har verksemda intern kompetanse på
vegetasjonsetablering?
- Kven har i tilfelle denne kompetansen?
- Dersom kompetanse på vegetasjonsetablering må hentast inn; Kor tid? Kven?
Kor ofte?
DRIFTSFASE:
Døme § 5 nr. 3 Kompetanse, minstevassføring og
manøvreringsreglement:
- Har verksemda tilgang på kompetanse som kan handtere feil på arrangement for minstevassføring?
- Kva slags
opplæring/kompetanse har dei som kontrollmåler vasstanden?
Kva genererer avvik?
- Kompetanseplan manglar.
- En kompetanseplan som ikkje har med
miljø, landskap og internkontroll gir
avvik.
2.5 Organisering (§ 5 nr. 4)
”Den ansvarlige skal… beskrive organisasjonen, herunder hvordan det kvalifiserte personell er organisert med ansvar, oppgaver og myndighet”
Hensikta med kravet er at det skal vere klart for alle som er involverte i bygging og drift av vassdragsanlegget, kven som har ansvar og mynde for ulike oppgåver og fagområde. Eigartilhøve, korleis verksemda vert driven, og kven som har ansvar for dei ulike oppgåvene, skal kunne leggast fram skriftleg. Kven har ansvar for internt tilsyn og at standard for landskap og miljø ved anlegget er tilfredsstillande? Kven i verksemda har ansvaret for drifta ved fråvær av ulike funksjonar?
Der det er krav om kvalifisert personell, skal personellet vere namngitt, og kompetansen skal vere dokumentert. Dette vil vere aktuelt for anlegg der det er krav om vassdragsteknisk ansvarleg jf. damsikkerheitsforskrifta kap. 3.
For miljø og landskap er det ikkje sett spesifikke kvalifikasjonskrav. Dette er likevel eit fagområde som må dekkast, og det skal gå skriftleg fram av internkontrollsystemet kven som har ansvaret.
Det er ikkje eit krav at det skal utarbeidast eit organisasjonskart. Dette kan likevel vere nyttig i mange høve for å synleggjere roller, ansvar og mynde for alle partar. Generelle stillingsbeskrivingar (kva ansvar har dagleg leiar, driftsleiar, teknisk ansvarleg, osb.), eller stillingsbeskriving for kvar enkelt person kan vere eit alternativ. Der fleire enn konsesjonæren er involvert i drifta, er det tilrådd at det vert utarbeidd eit organisasjonskart.
BYGGEFASE:
Døme § 5 nr. 4 Organisasjon, vegetasjonsetablering:
- Kven har ansvaret for
tilsyn med
vegetasjonsetablering?
DRIFTSFASE:
Døme § 5 nr. 4 Organisasjon, minstevassføring og manøvreringsreglement:
- Kven har ansvaret for å
kontrollmåle magasinvasstand og
minstevassføring?
Kva genererer avvik?
- Organisasjonskart med ansvar og mynde, eller
anna oversikt over oppgåver/ansvar manglar.
2.6 Registreringar (§ 5 nr. 5)
”Den ansvarlige skal …foreta og protokollere de målinger og registreringer som er nødvendige eller pålagt for å sikre at anlegg og tiltak drives i samsvar med krav fastsatt i eller i medhold av vassdragslovgivningen”
Hensikta med kravet er at konsesjonæren skal kunne dokumentere skriftleg at vilkår og pålegg vert etterlevd. Kravet gjeld registrering av målbare vilkår, til dømes måling og registrering av magasinvasstand, vassuttak og pålagd minstevassføring. På denne måten skal konsesjonæren dokumentere at anlegga vert drifta i samsvar med gjeldande vilkår i notid og i ettertid. Det er dessutan viktig å kunne dokumentere dette i tilfelle spørsmål frå ålmenta.
For at konsesjonæren skal sikre seg at registreringsutstyret gir riktige måleverdiar, må det etablerast rutinar for kalibrering av logge- og måleutstyr. Det må dessutan dokumenterast at det er gjennomført kontroll i samsvar med rutine. I NVE sine retningsliner for registrering av pålagd minstevassføring er det sett krav om kontrollmåling av minstevassføring. Kontrollmålingane må dokumenterast. Det same gjeld for manuelle kontrollmålingar av vasstand i reguleringsmagasin jf. NVE sine retningsliner for registrering av vasstand i regulerte magasin. Alle registreringar skal vere tilgjengelege i heile anlegget si levetid, og skal kunne leggast fram for tilsynsmyndigheita på førespurnad. Verksemda må såleis tenke gjennom kva metode ein skal nytte for sikker lagring, slik at data er tilgjengeleg og godt strukturert.
BYGGEFASE:
Døme § 5.5 Registreringar
vegetasjonsetablering
Konsesjonæren kan ha sett som mål i detaljplanen at anleggsområdet skal vere ferdig revegetert i løpet av fem år. Eit slikt mål må følgjast opp med tilsyn.
- Området vert inspisert etter istandsetting for å om det er lagt godt til rette for revegetering.
- Inspeksjonar må gjennomførast jamleg til ønska resultat er oppnådd.
- Eigen, eller eventuelt personell som er leigd inn deltek.
- For å dokumentere utviklinga er det hensiktsmessig å ta bilete til bruk i evaluering i høve til endeleg målsetjing.
Kopling til § 5 nr. 7 oppfylling av vilkår og godkjenningar og § 5 nr. 8 avvik
DRIFTSFASE:
Døme § 5.5 Registreringar
minstevassføring og
manøvreringsreglement:
Konsesjonen set krav til reguleringsgrenser og minstevassføring. Minstekrav til målingar er ein gang i timen både for magasinvasstand og minstevassføring. Det kan og vere sett krav om registrering av andre hydrologiske parametrar. For vassuttak til settefiskanlegg er logging av vassforbruk inn på anlegget eit vanleg vilkår.
- Kva krav er sett i styrande dokument?
- Korleis vert desse følgde opp?
Kopling til § 5 nr. 7 oppfylling av vilkår og godkjenningar og § 5 nr. 8 avvik.
Kva genererer avvik:
- Pålagde målingar/registreringar vert ikkje gjennomført
- Ufullstendige målingar/registreringar kan være avvik avhengig av:
o alvor
o gjentaking
o årsak
2.7 Fare og problem (§ 5 nr. 6)
For mer informasjon om rekkevidda av § 5 nr. 6
For å forstå rekkevidda av § 5 nr. 6 minner vi særlig om formålsparagrafen i IK-vassdrag, som seier slik: "Forskriften skal sikre at det etableres internkontroll og fremme kontinuerlig forbedringsarbeid, slik at krav fastsatt i eller i medhold av vassdragslovgivningen blir oppfylt".
Dette betyr for det første at verksemda må setje seg godt inn i gjeldande konsesjonar med tilhøyrande vedtak og relevante bestemmingar i vassdragslovgjevinga. Særleg relevante er følgjande bestemmingar;
- § 5 om forvalteransvar og aksomhetsplikt som seier slik:
«Enhver skal opptre aktsomt for å unngå skade eller ulempe i vassdraget for allmenne eller private interesser. Vassdragstiltak skal planlegges og gjennomføres slik at de er til minst mulig skade og ulempe for allmenne og private interesser. Denne plikten gjelder så langt den kan oppfylles uten uforholdsmessig utgift eller ulempe. Vassdragsmyndigheten kan ved forskrift fastsette nærmere regler om planlegging, gjennomføring og drift av bestemte typer vassdragstiltak. Vassdragstiltak skal fylle alle krav som med rimelighet kan stilles til sikring mot fare for mennesker, miljø eller eiendom» - § 37 om vedlikehold av vassdragstiltak som seier: «Vassdragstiltak som kan volde skade, skal den ansvarlige til enhver tid holde i forsvarlig stand. Vedlikeholdsplikten varer til anlegget er lovlig nedlagt etter § 41. Vassdragsmyndigheten kan gi pålegg om tiltak etter første ledd. Den skal ta stilling til eventuelle pålegg snarest mulig når noen med rettslig interesse ber om det. Avgjørelsen er enkeltvedtak, også om pålegg ikke blir gitt.»
- § 48 (bevisbyrde) «Hvis et vassdragstiltak eller grunnvannstiltak er i strid med denne lov eller vedtak i medhold av loven, og tiltaket volder skade, har tiltakshaveren bevisbyrden for tilstanden før skaden dersom den ikke lenger kan iakttas».
- § 54 (internkontroll) «Den ansvarlige for et vassdragsanlegg skal påse at anlegget og driften av det oppfyller de krav som er fastsatt i eller i medhold av denne lov. Vassdragsmyndigheten gir forskrift om internkontroll og internkontrollsystemer».
- I tillegg må ein kjenne omfanget av §§ 8 og 12.
I vassressurslova § 3 a) er vassdragstiltak definert slik: "vassdragstiltak: vassdragsanlegg og alle andre tiltak i vassdraget som etter sin art er egnet til å påvirke vannføringen, vannstanden, vassdragets leie eller strømmens retning og hastighet eller den fysiske og kjemiske vannkvaliteten på annen måte enn ved forurensning".
Utover dette er det fleire forhold som er bestemmande for omfang og rekkevidde av kravet til internkontroll i IK-vass § 5 nr. 6, og som er ein del av verksemda sitt kartleggingsgrunnlag. Eksempel på slike er Grannelova, Naturmangfaldlova, særleg §§ 11 og 12, og resultat etter skjønsforretning, då desse kan være relevant for å forstå rekkevidda av kravet til kartlegging av farer og problemområde. Det er konsesjonæren som er ansvarleg for å ha oversikt over kartleggingsgrunnlaget.
Gjennomført ROS-analyse skal dokumenterast, jf. merknadene til § 5 nr. 6 i forskrifta, der det står slik:
"Nr. 6 dekker både nr. 7 og 8 i § 4 tredje ledd i tidligere forskrift, der tematikken er overlappende. For det første er det ønskelig å få tydeligere fram de ulike fasene i risikohåndtering. For virksomheten skal det gjennomføres risikokartlegging, risikoforholdene og mulige tiltak skal vurderes, avvergende eller reduserende tiltak skal planlegges og tiltakene skal så gjennomføres. Gjennomførte ROS-analyser skal dokumenteres. Det er farer og problemer knyttet til den aktuelle virksomheten som er det sentrale, men da begrenset til farer og problemer knyttet til sikkerhet og miljø. Det finnes også andre bestemmelser om risikokartlegging og risikohåndtering i vassdragslovgivningen, blant annet vannressursloven § 38 (beredskapsplaner) og damsikkerhetsforskriften § 7-4 Beredskap og § 7-6 Sikringstiltak av hensyn til allmennheten. Disse bestemmelsene må oppfylles innenfor de tema og for de tiltak som omfattes av disse reglene. Nr. 6 vil også omfatte andre vassdragstiltak. Det skal arbeides aktivt med risiko knyttet til egen virksomhet som er dekket av forskriften".
Tilpass risikovurderinga til anleggets omfang og karakter, avgrensa til sikkerhet, miljø og landskap.
”Den ansvarlige skal …kartlegge farer og problemer med hensyn til miljø og sikkerhet og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og gjennomføre tiltak for å redusere risikoforholdene,”
Hensikta med kravet i § 5.6
Hensikta med kravet er at det skal gjennomførast ei kartlegging av farer og problem som kan oppstå for miljø, landskap og sikkerheit. Dersom kartlegginga identifiserer konkrete farer eller problemområde, skal dette følgjast opp med planlegging og gjennomføring av tiltak for å redusere eller hindre fare. Føremålet er å komme i forkant av eventuelle situasjonar som kan utvikle seg til fare for sikkerheit og miljø.
I en konsesjonsprosess vert verknader som følger av et vassdragstiltak vurdert. Eksempel er verknader for bygging og drift av magasin, hovud- og hjelpeanlegg, og verknader på berørt elvestrekkje. I konsesjonane vert det sett vilkår for å ta i vare einskilde gitte forhold best mogeleg. I konsesjonsprosessen vert det soleis gjort eit grunnleggande kartleggingsarbeid som dannar eit naturleg fundament i kartleggingsarbeidet. Der det er sett spesielle konsesjonsvilkår knytt til farer og problemområde, skal kartlegginga alltid omfatte konsesjonsgitte krav.
Ein detaljplan for miljø og landskap for eit nytt kraftverk skal beskrive korleis ein skal stette særlege vilkår knytt til eks; minstevassføring, omløpsventil, passasje for ål, laks, sjøaure m.v. Vilkår som dette vert sett i konsesjonane på bakgrunn av at det er identifisert som «problemområde» i konsesjonsprosessen og internkontrollen skal omfatte desse. Vidare skal planen beskrive korleis ein skal løyse ulike utfordringar som vert identifisert i detaljprosjekteringa. Eksempel på slike kan være; bekkekryssingar, forsering av verdfull natur- eller kulturmark, sidebratt terreng eller utfordrande terrengformasjonar, omsyn til artsmangfald og andre særlege utfordringar. Ein kan soleis forvente at detaljplanen i stor grad gir svar på § 5-6, særleg før og under byggefasen.
I driftsfase, kan primære problemområde til dømes vere avvik frå pålagd minstevassføringsslepp, utfall av vassføring gjennom kraftverket, drift av omløpsventilar, drift av tekniske innretningar for fiskepassasjar, omsyn til anadrom fisk, og for sikkerheit. Fleire problemområde kan vere fare for erosjon i bratt terreng, vegskjeringar med dårleg stabilitet, stabilitet på tippar, erosjon i reguleringssoner, tilstand på tersklar, isforhold, sedimentering og gjengroing i påverka del av vassdraget inkludert elvestrekkje med redusert vassføring, sedimentering i inntak/tersklar, tilstand på stikkrenner med vidare.
Når eventuelle problemområde knytt til miljø og landskap er identifiserte, skal områda kartfestast, jf. § 5-2. Når eventuelle tiltak er gjennomført, er det naturleg med ei hyppig oppfølging gjennom tilsyn, for å kontrollere at tiltaket fungerer som planlagt.
Dersom det etter ein heilskapleg gjennomgang ikkje er identifisert problemområde og potensiell fare for miljø og landskap, må dette dokumenterast skriftleg i internkontrollsystemet.
Rutiner for systematisk tilsyn
Det skal etablerast rutinar for systematisk tilsyn. Tilsynsintervall og omfang skal definerast med bakgrunn i kartlegginga, og grunngjevast. Verksemda skal gjennomføre risikokartlegging, der risikoforholda og behov for tiltak skal vurderast. Avvergande eller reduserande tiltak skal planleggast og gjennomførast. Det skal gjennomførast ROS-analyse etter hensiktsmessig metode og denne skal dokumenterast skriftleg.
Sjå elles forskrift om IK-vassdrag Forskrift om internkontroll etter vassdragslovgivningen (IK-vassdrag) - Lovdata.
BYGGEFASE:
Døme § 5 nr.6. Fare og problem
Der det er sett spesifikke krav/vilkår i konsesjonen skal internkontrollen dekke dette. Eksempelvis kan dette vere knytt til etablering av:
- Åle- og fiskepassasje
- Minstevassføring
- Omløpsventil
- Tiltak for å unngå gassovermetning
Kartlegging knytt til detaljplan og byggefase, utover det som er fastsett i konsesjon. Eksempel kan vere:
- Utfordringar knytt til topografi, geoteknikk og naturtypar/biologisk mangfald
- Overvasshandtering/bekkekryssingar
Kva er identifisert som «problem», kva er «løysinga» og korleis kan dette gjennomførast i praksis?
Kopling til føresetnader i konsesjon og godkjenningar § 5 nr. 7 og prosedyre for handtering av avvik § 5 nr. 8.
DRIFTSFASE:
Døme § 5 nr.6. Fare og problem
Der det er sett spesifikke krav/vilkår i konsesjonen skal internkontrollen dekke dette. Dette kan eksempelvis vere drifstekniske utfordringar eller svakheiter knytt til:
- Åle- og fiskepassasje
- Minstevassføringsarrangement
- Omløpsventil
- Tiltak for å unngå gassovermetning
Kartlegging knytt til driftsfase, utover det som er fastsett i konsesjon kan eksempelvis vere:
- Påverka elvestrekkje
- Masseavlagring og erosjon
- Inntak/Reguleringsmagasin
- Avlagring av finmasse og konsekvensar nedstraums ved eventuell nedtapping
Kva er identifisert som «problem», kva er «løysinga» og korleis kan dette optimaliserast?
Kva slags rutinar/sikring er etablert for å unngå avvik?
Kopling til registreringar § 5 nr. 5 og prosedyre for handtering av avvik § 5 nr. 8.
KVA GENERERER AVVIK?
Døme § 5 nr.6. Fare og problem
- Skriftleg kartlegging av fare og problem med ROS analyse manglar/er mangelfull
- Rutinar for systematisk tilsyn manglar/ er mangelfull
- Avvik mellom observasjon i felt og førelagd dokumentasjon
- Tiltaksplan med vurdering og oppfølging av kartlagde fare og problemområde manglar/er mangelfull
2.8 Oppfylle vilkår og føresetnader i konsesjon og godkjenningar (§ 5 nr. 7)
”Den ansvarlige skal … konkretisere hvordan vilkår og betingelser satt i konsesjoner, godkjenninger og lignende skal oppfylles”
Hensikta med kravet er å sikre at vilkår og føresetnader i konsesjon, pålegg og godkjenningar vert etterlevd. Både konsesjonen og notatet bakgrunn for vedtak gir føresetnader for bygging og drift av anlegga. Like eins inneheld ofte vedtak om godkjenning av detaljplanar konkrete vilkår som den ansvarlege må følgje opp og dokumentere i internkontrollsystemet. Dette vil til dømes gjelde krav om
terrengtilpassing, vegetasjonsetablering, vassdraget sin kapasitet til flaumavleiing, minstevassføring, føresetnad om samarbeid med andre myndigheiter eller grunneigarar om utarbeiding av detaljplanar, krav til geotekniske vurderingar, omsyn til hekkande fugl med meir. Dersom tiltaket er planlagd med naturleg revegetering, eller det er sett krav om naturleg revegetering, må dette omtalast i internkontrollsystemet.
Nøkkelen for å oppfylle dette kravet i forskrifta er å etablere gode prosedyrar for å identifisere dei vilkår og føresetnader som er gitt. Dette kan sikrast ved systematisk gjennomgang av konsesjonsvedtaket med tilhøyrande bakgrunn for vedtak, vedtak om godkjenning av detaljerte planar for miljø og landskap, vedtak om godkjenning av tekniske planar og eventuelle pålegg. Ut frå desse styrande dokumenta er det forventa at det vert etablert system og rutinar/prosedyrar som sikrar at dei krav som er sette vert følgde opp. Tilsynsrutinar gjennom byggje -og driftsfase er ei forventning som følgjer av dette. Tydeleg plassering av kven som har ansvaret i verksemda er viktig.
BYGGEFASE:
Døme § 5 nr. 7 Vilkår og godkjenningar vegetasjonsetablering
For å oppfylle kravet om vegetasjonsetablering må vi (verksemda):
- Gjennomføre tilsyn under anleggsperioden.
Blir avdekkingsmassar sorterte og lagra slik som planlagt? Er det gitt
opplæring/informasjon til
byggeleiar/maskinførar om betydninga av massehandtering? - Gjennomføre tilsyn etter at
anleggsperioden er ferdig. Etablere rutinar for tilsyn som seier noko om frekvens for tilsynet og fastsetje mål for kor tid området skal vere ferdig revegetert - Kva tiltak må setjast i verk dersom vi ikkje oppnår revegetering i samsvar med
konsesjonen og godkjend plan?
Sjå dette i samanheng med tiltaksplan under § 5 nr.
6, kopling til handtering av avvik § 5 nr. 8
DRIFTSFASE:
Døme § 5 nr. 7 Vilkår og godkjenningar, regulerte vassdrag sin flaumkapasitet For å oppfylle føresetnad om å oppretthalde vassdraget sin flaumkapasitet må vi (verksemda):
- Etablere rutinar for tilsyn i vassdraget. Kven har ansvar for gjennomføring? Kor ofte?
- Registrere endringar i vassdraget, masseopphoping/erosjon. Det kan vere hensiktsmessig å dokumentere med foto på faste punkt for å følgje utvikling
- Vurdere om opphoping av massar reduserer vassdraget sin
flaumkapasitet - Planlegge og setje i verk tiltak for å unngå skader
Kopling til handtering av avvik § 5 nr. 8.
Kva genererer avvik?
- Prosedyrar for å følgje opp vilkår i konsesjonar, pålegg, planvedtak m.m.
manglar - Tilsynsrutinar for å identifisere tilstand/status i høve til fastsette vilkår og føresetnader manglar
2.9 Avvik (§ 5 nr. 8)
”Den ansvarlige skal …utarbeide og gjennomføre rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge avvik”
Hensikta med kravet er at konsesjonæren skal setje i verk rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå krav som er fastsette i eller i medhald av vassdragslovgjevinga.
Verksemda må ha ein skriftleg definisjon av avvik for miljø og landskap, slik at alle i verksemda har same forståing av kva som er eit avvik. Dette er viktig for å sikre at avvik faktisk vert oppdaga og kan handterast vidare. Det må etablerast tilsynsrutinar for å avdekke situasjonar som på sikt kan føre til uønska hendingar og avvik. Det må og gå klart fram kven som skal varslast når avvik vert oppdaga, og kven som har ansvar for å rette dei opp. Målet bør vere å oppdage uønska situasjonar tidleg nok til å hindre at dei utviklar seg til avvik.
I Ik-vassdrag er avvik definert som brot på krav fastsett i eller i medhald av
vassdragslovgjevinga. Det er viktig for verksemda å konkretisere innhaldet i
avviksomgrepet. Dersom ein detaljplan for miljø og landskap er godkjend med føresetnad om naturleg revegetering av anleggsområdet vil manglande oppnåing av dette målet vere eit avvik. Dette fordi det er eit brot på vedtak om godkjenning av detaljplanen. Ein detaljplan kan og vere godkjend med føresetnad om ein avgrensa arealbruk som konsesjonæren sjølv har skildra. Overskriding av arealgrensene som går fram av detaljplanen vil difor og vere eit avvik, fordi det er eit brot på detaljplanvedtaket.
BYGGEFASE:
Døme § 5 nr. 8 Avvik vegetasjonsetablering Dårleg handtering av avdekkingsmassar i anleggsperioden kan vere eit avvik. Avviket kan føre til at ein ikkje oppnår god revegetering i samsvar med konsesjon og godkjend plan.
- Er det etablert rutinar for å oppdage slike avvik?
- Korleis er avviket handtert internt?
- Korleis skal avviket lukkast?
- Kven har ansvar for å lukke avviket?
- Skal avviket meldast til NVE?
- Kven har ansvar for å melde frå til NVE?
Kopling til fare og problem § 5 nr. 6, føresetnader i konsesjon og godkjenningar § 5 nr 7
DRIFTSFASE:
Døme § 5 nr. 8 Avvik minstevassføring og manøvreringsreglement:
- Er det etablert rutinar for å avdekke eventuelle avvik?
- Kva slags rutinar har verksemda for å melde avvik?
- Kven skal avviket meldast til?
- Kven har ansvar for å rette opp avviket?
Kopling til fare og problem § 5 nr. 6, føresetnader i konsesjon og godkjenningar § 5 nr 7
Hva genererer avvik?
- Skriftleg definisjon av avvik manglar.
- Skriftlig prosedyre/ rutine for handtering av avvik
manglar.
2.10 Overvaking og systematisk gjennomgang av IK-systemet (§ 5 nr. 9)
”Den ansvarlige skal …foreta systematisk gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den fungerer som forutsatt, for eksempel gjennom interne revisjoner”
Hensikta med kravet er at konsesjonæren har rutinar for systematisk evaluering og forbetring av eige internkontrollsystem. Dette er nødvendig for å sikre at systemet fungerer slik som føresett, og for å oppnå ei kontinuerleg forbetring. Dette betyr at konsesjonæren sjølv må gå gjennom internkontrollsystemet og sikre at det er oppdatert med tanke på endringar i verksemda, regelverk, føresetnader og
utfordringar/problemstillingar ved anlegget. Det må og kontrollerast at systemet vert praktisert i alle ledd. Det er forventa at ansvaret for dette er eintydig plassert, og at det er etablert rutinar for ein systematisk gjennomgang og justering av systemet når det oppstår nye problemstillingar. Gjennomgangen av systemet skal kunne dokumenterast.
Det er ikkje krav til kor ofte internkontrollsystemet skal evaluerast. Verksemda sjølv må vurdere og grunngje behovet ut frå kompleksitet, utfordringar og storleik på anlegget. Det vil vere naturleg å gjere ei vurdering ut frå identifiserte utfordringar og problemområde ved anlegget. Behovet vil dessutan variere ut frå kva fase anlegget er i. I ein etableringsog tidleg driftsfase kan behovet for ein gjennomgang vere større enn i ein meir stabil drifsfase. Anleggseigar må kunne legge fram ein skriftleg vurdering/ prosedyre for kor ofte Ik-systemet skal reviderast. Revisjon skal dokumenterast med dato og signatur.
Mange verksemder knyter gjennomgang av Ik-vassdrag opp til damsikkerheitsforskrifta sine krav til revurdering. Ein komplett gjennomgang kvart 3. – 5- år i driftsfasen vil i dei fleste høve være passande. I etableringsfasen kan det vere behov for å oppdatere systemet kvart år.
Kva genererer avvik?
- Skriftlig prosedyre for intern gjennomgang av Ik-systemet manglar.
- Dokumentasjon som viser systematisk ajourføring av Ik-systemet manglar
2.11. Dispensasjon (§ 8)
«Norges vassdrags- og energidirektorat kan i særlige tilfeller dispensere frå denne forskriften».
NVE kan heilt eller delvis gje dispensasjon frå kravet om å ha internkontrollsystem. Det er likevel ikkje meint at dispensasjon skal vere varig. Ein søknad om dispensasjon må vere grunngjeven. Etter NVE sin praksis vert det berre gjeve dispensasjon for eit kortare tidsrom. Typiske høve vil vere at anlegg i startfasen kan få eitt, eller eit halvt år utsetting før internkontrollsystemet må være på plass.
NVE må grunngje vedtak om unntak frå Ik-forskrifta i kvart enkelt tilfelle.