Innleiing
Det er dessutan eit mål at internkontrollsystemet skal fremje eit kontinuerleg forbetringsarbeid i verksemdene. I dette ligg at systemet må oppdaterast slik at det er i tråd med endringar i rammevilkår, erfaring, hendingar, og kunnskap om det enkelte vassdragsanlegg. Internkontrollsystemet skal vere eit verktøy for å unngå hendingar som ikkje er ønska og som kan vere, eller føre til, brot på krav heimla i lov, forskrifter, konsesjon, pålegg og godkjenningar.
Rettleiaren inneheld døme for å illustrere dei enkelte punkta i § 5 i forskrifta, og døme på kva som genererer avvik ved tilsyn og revisjon.
1.1 Virkeområde (§ 3)
Forskrifta gjeld alle vassdragsanlegg som har konsesjon etter vassdragslovgjevinga (vassfallrettigheitslova, vassdragsreguleringslova og vassressurslova), kraftverk som har konsesjon til å utnytte konsesjonsgitte reguleringar og fall, vassdragsanlegg som er omfatta av damsikkerheitsforskrifta, og grunnvassuttak med konsesjon etter
vassressurslova.
Vassdragsanlegg som er underlagt damsikkerheitsforskrifta, men som ikkje er
konsesjonspliktige etter vassdragslovgjevinga, er underlagt Ik-vassdrag. For desse anlegga gjeld Ik-vassdrag frå det tidspunktet det er fatta vedtak om brotkonsekvensklasse for vassveg og/eller dam. I slike tifelle gjeld Ik-vassdrag berre for forhold knytt til damsikkerheitsforskrifta, og ikkje for forhold knytt til landskap og miljø.
Eigaren av anlegga er ansvarleg for å innføre og utøve internkontrollen.
Det er verdt å merke seg at Ik-vassdrag og gjeld for hjelpeanlegg, t.d. permanente vegar, og område med mellombels arealbruk som vegar, rigg/lager, massetak og tippar.
Forskrifta gjeld heile livsløpet til eit vassdragstiltak, frå prosjektering og bygging og drift, heilt fram til det er lagt ned i samsvar med krava i vassressurslova § 41. Plikta trer i kraft når det er gitt ein konsesjon, eller det er treft vedtak om brotkonsekvensklasse etter damsikkerheitsforskrifta. Ik-vassdrag gjeld både på konsernnivå og for enkeltselskap.
1.2 Plikt til internkontroll (§ 4)
”Den ansvarlige skal sørge for at det innføres og praktiseres internkontroll for anlegg og tiltak som omfattes av § 3.
Norges vassdrags- og energidirektorat skal ha melding dersom den praktiske gjennomføringa av internkontrollen utføres av en annen enn den ansvarlige. Det må i så fall foreligge skriftlig avtale som regulerer innholdet”
Plikta til å innføre og utøve internkontroll ligg på den ansvarlege.
For definisjon av «den ansvarlege» viser vi til forskrift om damsikkerheit § 2-2 og til «Merknader til de enkelte bestemmelser» i Ik-vassdrag.
I tilfelle der ein annan enn den ansvarlege (konsesjonæren eller eigaren) skal utøve internkontrollen, er det ein føresetnad at det føreligg ein skriftleg avtale der det går klart fram kven som har ansvaret. Det endelege ansvaret for at internkontrollen faktisk vert utøvd ligg alltid på den ansvarlege.