Rettleiar til forskrift om internkontroll etter vassdragslovgjevinga
Alle vassdragsanlegg som har konsesjon etter vassdragslovgjevinga er underlagt internkontroll i samsvar med Forskrift om internkontroll etter vassdragslovgivningen - FOR 2011-10-28 nr. 1058. Kravet om internkonytoll gjeld for anlegg med konsesjon etter vassdragsreguleringsloven, vassfallrettigheitslova og Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven). Kravet gjeld dessutan for vassdragsanlegg som er omfatta av damsikkerhetsfoskrifta og grunnvasstiltak med konsesjon etter vassressurslova. Forskrifta gjeld både for hovudanlegg og tilhøyrande hjelpeanlegg, til dømes anleggsvegar og tippar.
Kravet om internkonroll gjeld heile "livsløpet" til eit vassdragsanlegg, frå konsesjon er gitt, under bygging, drift og vedlikehald, og til det er lovleg nedlagt i samsvar med krava i vassressurlova § 41.
Gjeldande forskrift om internkontroll etter vassdragslovgjevinga (Ik-vassdrag) gjeld frå 1. januar 2012 og denne rettleiaren er ei utdjupning av forskrifta, og gjeld ivaretaking av miljøkrav. Rettleiaren viser forvaltningspraksis og må sjåast i samanheng med merknadene som er gitt til dei enkelte krava i forskrifta.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å føre tilsyn med at internkontroll etter denne forskrifta vert etablert og brukt. Tilsynet kan gjennomførast ved systemrevisjonar og anna kontroll og tilsyn.