Sluttrapport
NVE har 9. januar 2025 endra prosedyre for sluttrapportering.
Ny prosedyre for sluttrapportering
Me viser til at vilkår knytta til krav om sluttrapport er tilstrekkeleg ivareteke gjennom internkontrollsystem for krav til miljø og landskap (IK-energi, FOR-1990-12-07-959 § 3-7), sjå også NVEs rettleiar nr. 8/2018 for IK-energi. Det er derfor tilstrekkeleg at de ved e-post stadfestar til NVE at de har etablert eit internkontrollsystem. Les meir om internkontroll her.
Me viser til at NVE, med heimel i energilova kapittel 10, kan føra tilsyn med at anlegget vert drive etter gjeldande konsesjon og vilkår, herunder krav om internkontrollsystem for miljø og landskap.